Historisk arkiv

Konvensjon mellom Noreg og Luxembourg om trygd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.154/97
Dato

Konvensjon mellom Noreg og Luxembourg om trygd

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ein ny konvensjon om trygdestønad med Luxembourg. Konvensjonen kjem i staden for ein tidlegare konvensjon av 19. februar 1991 om same sak mellom dei to landa. Den nye konvensjonen utfyller EØS-avtalen ved å omfatte personar og stønadsområde som ikkje er dekte der. Mellom anna kan dette, på nærare fastsette vilkår, gjelde borgarar av tredjeland som er omfatta av trygdelovgjevinga i eit av dei to landa.

Konvensjonen omfattar dei same trygdeordningane som EØS-avtalen (medisinsk stønad, kontantytingar ved sjukdom, graviditet og fødsel, ytingar ved alder, uførhet og til etterlatne, ytingar ved yrkesskade/yrkessjukdom, ytingar ved arbeidsløyse, familieytingar og gravferdshjelp). Konvensjonen er i hovudsak basert på prinsippa i EØS-avtalen og for dei andre persongruppene, men med einskilde unntak når det gjeld reglane for ytingar ved arbeidsløyse og familieytingar.

Dette inneber at ein unngår dobbel trygdedekning og avgiftsbetaling. Om naudsynt skal det takast omsyn til trygdetid opptent i det andre avtalelandet. Opptente ytingar skal betalast ut under opphald eller busetjing i det andre avtalelandet.

Konvensjonen omfattar og medisinsk stønad. Dette sikrar mellom anna personar frå det eine avtalelandet sjukehjelp under mellombels opphald i det andre landet mot framsyning av prov på rett til trygd i heimlandet.

I samband med konvensjonen har partane også vorte samde om oppgjersrutiner for utgifter til medisinsk kontroll og hjelp samt administrative utgifter.

Utenriksdepartementet, 20. november 1997

Lagt inn 20 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen