Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk uttrykkjer uro over den humanitære situasjonen i Republikken Kongo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:142 /97
20. oktober 1997

Utanriksminister Vollebæk uttrykkjer uro over den humanitære situasjonen i Republikken Kongo

- Den humanitære situasjonen i Republikken Kongo gir grunn til sterk uro, seier utanriksminister Knut Vollebæk. Han appellerer til dei stridande partane om at alle kamphandlingar snarast må opphøyra slik at dei internasjonale hjelpeorganisasjonane uhindra kan få bringa fram naudhjelp til det krigsramma folket.

I denne samanheng framhevar utanriksministeren det arbeid som blir gjort av Aksjonen "La Kongo leve", og som Utanriksdepartementet nyleg har støtta med 2 mill. kroner. - Det er viktig at dette arbeidet kan halda fram både for å lindra folket sine lidingar og for å byggja bru mellom dei ulike etniske grupper i landet, seier Vollebæk.

- Frå norsk side vil vi aktivt støtta opp om den innsats som skjer både gjennom FN og andre internasjonale kanalar for å finna ei fredeleg løysing på konflikten som kan sikra folks tryggleik og gjenoppretta eit demokratisk styre i landet, seier utanriksminister Knut Vollebæk.

Lagt inn 21 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen