Historisk arkiv

- Norge uroa over utviklinga i Chiapas, seier utanriksminister Vollebæk.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 43 /98
Dato 16. april 1998

- Norge uroa over utviklinga i Chiapas, seier utanriksminister Vollebæk.

  • Utanriksdepartementet har instruert den norske ambassaden i Mexico om å be meksikanske styresmakter om ei nærare forklaring på bakgrunnen for at tre norske borgarar vart arresterte og utviste frå landet, seier utanriksminister Knut Vollebæk. - Ambassaden er vidare instruert om på ny å gje uttrykk for uro over utviklinga i Chiapas.
  • Situasjonen i Chiapas, slik den har utvikla seg etter at det braut ut væpna konflikt i 1994, blir følgd nøye av norske styresmakter, og er eit fast element i den løpande kontakten med meksikanske styresmakter, seier utanriksminister Vollebæk. Frå norsk side deler vi den uro som kjem til uttrykk internasjonalt over utviklinga i Chiapas. Vi har i samtalar med styresmaktene lagt vekt på at konflikten må løysast med fredelege middel, seier utanriksministeren.

Norske styresmakter har og nær kontakt med meklingsorganet CONAI som blir leia av biskop Samuel Ruiz.

Lagt inn 16 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen