- Partane i Midt-Austen må bryta krisa i fredsprosessen, seier utanriksminister Vollebæk på 5-årsdagen for Oslo-avtalen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.08.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 100/98
Dato: 20. august 1998
- Partane i Midt-Austen må bryta krisa i fredsprosessen, seier utanriksminister Vollebæk på 5-årsdagen for Oslo-avtalen
- Partane i Midt-Austen må bryta krisa i fredsprosessen, seier utanriksminister Knut Vollebæk på 5-årsdagen for Oslo-avtalen. Han oppmodar til å visa mot og den nødvendige fleksibilitet for å føra fredsprosessen vidare. - Fredsprosessen er ikkje død, men det er nødvendig med nye inititativ for å bringa forhandlingane tilbake på sporet. Det er ingen alternativ til å halda fram arbeidet for fred, seier utanriksminister Knut Vollebæk.
Ei rekke av deltakarane som var sentrale under forhandlingane den gong samt nokre av dei som er aktive i den pågåande prosessen er inviterte til Oslo til ei markering av 5-årsdagen for underteikninga av Prinsippavtalen mellom Israel og PLO. Blant deltakarane er president Yasser Arafat, tidlegare statsminister Shimon Peres, parlamentarisk leiar for regjeringskoalisjonen i Knesset Meir Sheetrit, tidlegare forhandlingsleiar, no leiar for den palestinske lovgjevande forsamling Abu Ala, tidlegare forhandlingsleiar Uri Savir og den amerikanske spesialutsendingen Dennis Ross.
- Markeringa er eit høve til å bringa partane saman til uformelle kontaktar der ein kan drøfta korleis ein kan koma vidare i fredsprosessen, seier utanriksminister Vollebæk.
Den formelle markeringa vil skje ved ein middag i Regjeringas representasjonsbolig i Parkveien søndag kveld, samt ved eit arrangement i Nobelinstituttet måndag kl. 15:00 med foredrag av Yasser Arafat og Shimon Peres.
Utanriksdepartementet, 20. august 1998
Lagt inn 20. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen