Historisk arkiv

Frihandelsavtale mellom EFTA og De palestinske myndigheter.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.127/98
Dato 23. oktober 1998

Utanriksminister Vollebæk glad for Midt-Austen-avtale

- Det er svært gledeleg at partane i Midt-Austen no har lukkast i å koma fram til ein avtale, seier utanriksminister Knut Vollebæk. - Dette er er eit gjennombrot for prinsippa i Oslo-avtalen. Det er no viktig at partane gjennomfører det ein er blitt samde om og at det internasjonale samfunn aktivt støttar opp om avtalen slik at fredsprosessen kan vidareførast, seier Vollebæk.

Utanriksministeren understrekar at dette er ein balansert avtale der begge partar har stadfesta sin vilje til å vidareføra Oslo-avtalen. - Vi er særleg glade for at den israelske regjeringa med denne avtalen stadfestar Oslo-avtalens prinsipp om fred for land, seier Vollebæk. Palestinarane kontrollerer etter dette omlag 40 prosent av Vestbreidda. Ein føresetnad for dette har vore at israelske krav til tryggleik har vorte imøtekomne.

-Økonomisk og sosial utvikling i dei palestinske områda er no avgjerande for at fredsprosessen skal lukkast, seier utanriksminister Vollebæk. - Avtalen legg til rette for auka økonomisk samarbeid mellom partane for ei styrking av den palestinske økonomien. For Norge betyr avtalen at vi som formannskapsland i den internasjonale gjevarlandsgruppa (AHLC) kan leggja vekt på ein meir effektiv langsiktig hjelp til dei palestinske områda.

Utanriksminister Vollebæk rosar USA for deira aktive rolle. - Den amerikanske innsatsen har vore avgjerande for å få igjennom ein avtale trass i alle dei kriser som har oppstått undervegs, seier Vollebæk.

Lagt inn 26. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen