Historisk arkiv

Noreg underteiknar ny avtale om Nordisk utviklingsfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 122/98
Dato: 16. oktober 1998

Noreg underteiknar ny avtale om Nordisk utviklingsfond

Regjeringa har i Statsråd i dag vedteke å underteikne ein ny avtale om Nordisk Utviklingsfond (Nordic Development Fund).

Føremålet med avtalen er å klargjere og styrke statusen til fondet som ein multilateral finansieringsinstitusjon. Ein tek sikte på at fondet blir gjeve stilling som prioritert långjevar i forhold til andre kreditorar og at det vil bli halde utanfor dei internasjonale gjeldslettedrøftingane for statar som ikkje er i stand til å betale utanlandsgjelda si.

Det nordiske utviklingsfondet vart oppretta ved nordisk avtale av 3. november 1988. Fondet er eigd av dei fem nordiske statane og utgjer eit ledd i det nordiske samarbeidet. NDF er ein organisasjon for utvikling som gjev lån til prosjekt som fremjar den økonomiske og sosiale utviklinga i utviklingsland. NDF gjev lån til finansiering saman med andre institusjonar som Verdsbanken, dei regionale utviklingsbankane og NIB (Nordiske investeringsbanken).

Dei nordiske samarbeidsministrane vedtok under møte i Helsingfors i november 1997 at NDF sin status som ein felles internasjonal institusjon for utvikling skulle styrkjast ved å utarbeide ein ny avtale. Den nye avtalen vart godkjend av Nordisk ministerråd ved samarbeidsministrane i juni i år. Den byggjer på tilsvarande avtale om Den nordiske investeringsbanken (NIB).

Den nye avtalen gjev NDF status som juridisk person på linje med andre liknande institusjonar, og har føresegner om immunitet og privileg som er vanlege for multilaterale finansieringsinstitusjonar. Den nye avtalen vil avløyse den tidlegare avtalen og inneheld både reviderte og nye føresegner.

Avtalen må sjåast i samanheng med dei nye avtalene om Den nordiske investeringsbanken (NIB) og Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO). Dei tre avtalene vil samla bli lagt fram for Stortinget.

Lagt inn 16. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen