Historisk arkiv

Norge fordømer nye indiske atomprøvesprengingar.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:58/98
Dato 13. mai 1998

Norge fordømer nye indiske atomprøvesprengingar

  • Dei to nye atomprøvesprengingane som indiske styresmakter har gjennomført er fullstendig uakseptable, seier utanriksminister Knut Vollebæk og fordømer den indiske handlinga på det sterkaste. - India har med dei nye atomprøvane synt ei total forakt for dei sterke reaksjonane frå eit samla verdssamfunn og har handla på ein måte som set stabiliteten i heile regionen i fare, seier utanriksministeren.
  • Norge vil som eit resultat av dei indiske atomprøvesprengingane inntil vidare frysa stat til stat hjelp til India som ikkje er fattigdomsretta, seier utviklings- og menneskerettsminister Hilde Frafjord Johnson. - I tillegg vil eit planlagt høgteknologiprosjekt bli skrinlagt. Det vil ikkje bli inngått avtalar om nye hjelpeprosjekt, medan prosjekt på grasrotnivå vil bli vidareførde, sier utviklingsministeren.

Vidare vil det heller ikkje inn til vidare bli gitt nye eksportgarantiar til India.

Norge vil saman med dei andre nordiske land retta ein skarp protest til indiske styresmakter i New Delhi der dei fordømer dei siste atomprøvesprengingane.

Lagt inn 14. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen