Historisk arkiv

Norge held fram i UNIFIL, men på redusert nivå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 78/98
Dato: 18. juni 1998

Norge held fram i UNIFIL, men på redusert nivå

Norge tar sikte på å vidareføra den norske deltakinga i UNIFIL-styrken i Libanon. Men deltakinga vil bli redusert frå årsskiftet 1998/99 frå dagens nivå på noko over 600 til omlag 200 personar. Det inneber at den norske infanteribataljonen NORBATT sitt engasjement vil bli avslutta når mandatperioden går ut ved nyttår. Årsaka til reduksjonen er den store mangel på kvalifiserte søkjarar til fredsbevarande operasjonar i den seinare tid.

Ein viktig grunn for at regjeringa har vedteke å vidareføra deltakinga i Libanon på eit såvidt høgt nivå trass i rekrutteringsproblema, er at FNs generalsekretær Kofi Annan har lagt stor vekt på at Norge held fram i UNIFIL. Norge vil drøfta med FN korleis ei meir avgrensa norsk deltaking skal vidareførast.

Norge har vore med i UNIFIL heilt sidan starten i 1978. Til saman har over 30 000 norske kvinner og menn gjort teneste enten i NORBATT eller andre deler av FN-styrken.

Regjeringa går inn for å oppretthalda Norges deltaking i internasjonale fredsbevarande operasjonar på eit høgt nivå både når det gjeld kvalitet og omfang. Dagens nivå er i overkant av 1500 personar. Det er eit mål når rekrutteringssituasjonen gjer det mogleg, å koma opp på omlag same nivå. Regjeringa vil i 1999 og leggja fram ei stortingsmelding om ein ny og meir effektiv struktur for Norges militære deltaking i fredsbevarande operasjonar.

Utanriksdepartementet, 18. juni 1998

Lagt inn 19. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen