Historisk arkiv

Norge protesterer mot indiske atomprøvesprengingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 57/98
11. mai 1998

Norge protesterer mot indiske atomprøvesprengingar

  • Regjeringa tar sterk avstand frå dei indiske atomprøvesprengingane som vart gjennomført i delstaten Rajasthan i det vestlege India i dag. Prøvesprengingane er eit tilbakeskritt for det internasjonale arbeidet for ikkje-spreiing og er ein fare både for helse og miljø i det området der atomprøvane er gjennomførde, seier utanriksminister Knut Vollebæk. -Samstundes kan det medverka til ei farleg opptrapping av atomkappløpet i denne delen av verda.
  • Norge oppmodar sterkt indiske styresmakter til å avstå frå vidare atomprøvar og slutta seg til prøvestansavtalen så raskt som mogeleg, seier utanriksminister Vollebæk.

Den indiske ambassadør i Oslo vil bli innkalt til Utanriksdepartementet og bli meddelt den norske protesten.

Lagt inn 12. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen