Historisk arkiv

Regjeringa ber om samtykke til godkjenning av mineavtalen.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 66/98
Dato 28. mai 1998

Regjeringa ber om samtykke til godkjenning av mineavtalen.

Regjeringa har i Statsråd i dag lagt fram proposisjon for Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Konvensjonen om eit totalforbod mot antipersonellminer. Det er og lagt fram framlegg til lovendringar som ein slik ratifikasjon medfører.

- Regjeringa ønskjer med dette vedtaket å medverka til at Konvensjonen kan setjast i verk så snart som mogeleg, seier utanriksminister Knut Vollebæk. -Konvensjonen er eit viktig middel til å få slutt på dei menneskelege lidingar som bruk av antipersonellminer årsakar. Eit totalforbod mot slike miner gjev eit langt betre vern for sivilbefolkninga i krigs- og konfliktutsette område enn det som tidlegare har vore mogeleg, seier utanriksminister Vollebæk. Avtalen vil tre i kraft 6 månader etter at minst 40 land har ratifisert den.

Parallelt med arbeidet om ratifikasjon av Minekonvensjonen har Norge hatt drøftingar med USA om bl.a. amerikanske antipersonellminer i førehandslager i Norge. USA og Norge er i ei brevveksling mellom utanriksminister Vollebæk og den amerikanske utanriksminister Madeleine Albright samde om korleis dei amerikanske minene skal handterast i overgangsperioden på fire år inntil avtalen skal vera gjennomført. Drøftingane med USA vil halda fram med sikte på å finna ei løysing på dei uteståande spørsmål som ivaretar omsynet til begge partar.

Konvensjonen, som er underteikna av 14 av 16 NATO-land, har og følgjer for forsvarssamarbeidet i NATO. NATO-landa vil vidareføra drøftingane for å innpassa Minekonvensjonen i NATOs militære planar.

Lagt inn 28. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen