Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk beklagar russisk utvising

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 28/98
17. mars 1998

Utanriksminister Vollebæk beklagar russisk utvising

Det er med beklaging vi har motteke meldinga om at russiske styresmakter har utvist to norske diplomatar, fiskeriråd Rune Castberg ved ambassaden i Moskva og visekonsul Ole Bjørnøy ved generalkonsulatet i Murmansk, seier utanriksminister Knut Vollebæk. - Grunnen til utvisinga vart opplyst å vera at dei har opptrådt på ein måte som ikkje er sameinleg med deira status. Skuldingane mot dei norske tenestemennene som det her dreiar seg om er heilt grunnlause, seier Vollebæk. - Regjeringa ser difor alvorleg på den russiske utvisinga, men ønskjer ikkje å medverka til noko som kan forverra naboforholdet til Russland.

Vi tar sterk avstand frå dei russiske mottiltaka, sier utanriksminister Vollebæk. Frå norsk side har vi gjennom vår reaksjon markert at den verksemda som er driven frå russisk side er ulovleg, uakseptabel og ikkje høyrer heime i eit opent og tillitsfullt samarbeidsforhold mellom våre to land. Frå norsk side legg vi vekt på å ha eit nært og godt forhold til Russland. Det er vårt ønskje å vidareutvikla det bilaterale samarbeidet til beste for begge land, seier utanriksminister Knut Vollebæk.

Lagt inn 18. mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen