Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk deltar på fredskonferanse om Bosnia i Madrid 15.-16.12.98.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 157/98

Utanriksminister Vollebæk deltar på fredskonferanse om Bosnia i Madrid 15.-16.12.98.

Utanriksminister Knut Vollebæk reiser tysdag morgon til Madrid for å delta på den årlege konferansen om gjennomføringa av fredsavtalen om Bosnia som vart underteikna i Dayton i USA i november 1995. Hovedsaka på konferansen blir utviklinga i Bosnia og det vidare arbeid for å følgja opp fredsavtalen.

- Det er viktig at partane no tar på seg ein større del av ansvaret for å gjennomføra fredsavtalen, seier utanriksminister Vollebæk. -Det er gjort visse framsteg i Bosnia, men vi er enno ikkje tilfreds med utviklinga. Når fredsprosessen likevel går framover, er det først og fremst pga. det internasjonale samfunns engasjement og innsats. Utanriksministeren seier at Norge vil vidareføra sitt aktive engasjement i Bosnia og understrekar Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa (OSSE) sin betydning i arbeidet for demokrati og menneskerettar på Balkan.

Utanriksminister Vollebæk skal i samband med Bosnia-møtet i Madrid og ha ein tosidig samtale med den spanske utanriksminister låne- og tilskotsordninga med EU.

Utanriksdepartementet, 14. desember 1998

Lagt inn 14. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen