Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk gjestar Canada og deltar på utanriksministermøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.111/98
Dato 16. september 1998

Utanriksminister Vollebæk gjestar Canada og deltar på utanriksministermøte i Arktisk Råd i Iqaluit 16.-18.9.98.

Utanriksminister Knut Vollebæk skal 16. september ha politiske samtalar med den canadiske utanriksminister Lloyd Axworthy i Ottawa. Hovedtema i samtalane er oppfølgjinga av samarbeidserklæringa (Lysøenerklæringa) som vart underteikna under den canadiske utanriksministers besøk i Norge tidlegare i år. Utanriksministrane vil og drøfta internasjonale spørsmål, forhandlingane om ein frihandelsavtale mellom Canada og EFTA og samarbeid i nord.

Føremålet med Lysøenerklæringa er å samordna og fremja samarbeid på det humanitære området, tiltak for å hindra konfliktar og fremja demokrati og menneskerettar. Samarbeidet vil og fokusera på arbeidet for eit forbod mot antipersonellminer og spreiing av handvåpen.

Utanriksministrane har og teke initiativet til ei utviding av dette samarbeidet til å omfatta fleire land. Dette initiativet vil bli presentert under eit større arrangement i samband med opninga av FNs generalforsamling i New York fredag 25. september.

17.-18. september skal utanriksminister Vollebæk delta i utanriksministermøte i Arktisk Råd i Iqaluit i Nord-Canada. Møtet er det første på ministernivå sidan Arktisk Råd vart oppretta i 1996. Hovedsaka er å etablera eit breidt politisk samarbeid for dei arktiske områda under Rådet.

Miljøsamarbeid er no inkludert i Arktisk Råd og vil få ein sentral rolle i det vidare arbeid. Det vil og bli utarbeidd eit program for å sikra ei berekraftig utvikling som grunnlag for busetjing og samfunn i nord med vekt på helse og den menneskelege dimensjon. Dessutan er urfolka si deltaking eit viktig element i samarbeidet.

Lagt inn 16. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen