Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk helser velkomen britisk-amerikansk initiativ i Lockerbie-saka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 104/98
Dato: 26. august 1998

Utanriksminister Vollebæk helser velkomen britisk-amerikansk initiativ i Lockerbie-saka

- Frå norsk side helser vi velkomen det britisk-amerikanske initiativet i Lockerbie-saka, seier utanriksminister Knut Vollebæk i ein kommentar.

Storbritannia og USA har sagt seg villige til å godta at dei to libyarane som er sikta i saka blir stilt for ein skotsk domstol i Nederland som skal nytta skotsk rett. Rettsforhandlingane vil skje for open rett med tilgang for utanlandske observatørar. Framlegget vart opprinneleg lagt fram av Den arabiske liga og fekk støtte av den libyske utanriksminister i eit brev til presidenten i Tryggingsrådet i FN.

Utanriksminister Vollebæk uttrykkjer håp om ein rask og positiv reaksjon på det britisk-amerikanske framlegget. - Eit rettsleg oppgjer etter Lockerbie-saka vil vera eit viktig bidrag i kampen mot internasjonal terrorisme, seier Vollebæk.

Utanriksdepartementet, 26. august 1998

Lagt inn 26. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen