Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk oppmodar norske verksemder om å vera tilbakehaldne når det gjeld næringslivssamarbeid med Libya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Vollebæk oppmodar norske verksemder om å vera tilbakehaldne når det gjeld næringslivssamarbeid med Libya

Pressemelding

Nr.: 48/98.

Utanriksminister Vollebæk oppmodar norske verksemder om å vera tilbakehaldne når det gjeld næringslivssamarbeid med Libya

- Norske verksemder bør vera tilbakehaldne når det gjeld næringslivssamarbeid med Libya, seier utanriksminister Knut Vollebæk og gir uttrykk for uro når det gjeld situasjonen for menneskerettane i landet.

Utanriksminister Vollebæk avviser presseoppslag dei siste dagane om at norske styresmakter har gitt grønt ljos for norske investeringar i Libya. - Utanriksdepartementet har ut frå ei reint rettsleg synspunkt vurdert oljeselskapet Sagas engasjement i Libya og konkludert med at dette ikkje er i strid med dei sanksjonane som FN har innført. Dette betyr sjølvsagt ikkje noko støtte til norsk næringslivsengasjement i landet, seier utanriksminister Vollebæk og understrekar at næringslivet har eit sjølvstendig ansvar for å vurdera kvar dei engasjerer seg.

Utanriksdepartementet, 21. april 1998

Lagt inn 21. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen