Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk til Paris 17.4

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 44/98
Dato: 16. april 1998

Utanriksminister Vollebæk til Paris 17.4

Utanriksminister Knut Vollebæk skal fredag 17.4. møta sin franske kollega Hubert Védrine til politiske samtalar i Paris.

Dei to ministrane skal bl.a. drøfta utvidinga av EU, konsekvensar for Norge og EØS og dei føreståande forhandlingane om Schengen-samarbeidet. Konflikten på Balkan, særleg på bakgrunn av Norges deltaking i leiartroikaen i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, vil og stå sentralt i samtalane saman med fredsprosessen i Midt-Austen, situasjonen i Irak og samarbeid i nordområda.

Utanriksdepartementet, 16. april 1998

Lagt inn 17. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen