Historisk arkiv

Lette i tiltaka mot Jugoslavia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Nr. 211/99
Dato: 3. desember 1999

Lette i tiltaka mot Jugoslavia

Utanriksdepartementet har vedteke einskilde endringar i føresegna om særlege tiltak mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ), for å leggje til rette for gjennomføring av humanitære og demokratiserande tiltak i FRJ. Etter endringane kan Utanriksdepartementet gjere unntak frå forbodet mot sal av petroleum og forbodet mot flyging til FRJ, i dei tilfella eksporten tener humanitære eller demokratiserande føremål. Unntak kan mellom anna gjerast i samband med det såkalla ”Olje for demokrati”- initiativet eller liknande ikkjekommersielle føremål.

”Olje for demokrati” initiativet som Utanriksdepartementet nå iverkset inneber at einskilde serbiske byar, som er leia av politikarar i opposisjon til president Milosevic og regimet hans, vil take imot fyringsolje frå Noreg. Det er også meint å skulle styrkje opposisjonen i Serbia og dermed vere ei hjelp til ei demokratisk utvikling. EU har iverksett eit liknande ”Energy for Democracy” initiativ.

Elles blir det halde oppe eit internasjonalt press mot styresmaktene i landet med sikte på ei demokratisk og fredeleg utvikling i området. Endringane inneber at Noreg held fram med same tiltak mot FRJ som EU.

Føresegna trer i kraft straks.

Lagt inn 3. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen