Historisk arkiv

Misbruk av Raude Kross emblemet i samband med hjelpesendingar i Sør-Sudan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 202/1999
Dato: 19. november 1999

Misbruk av Raude Kross emblemet i samband med hjelpesendingar i Sør-Sudan

I programmet Brennpunkt vist i NRK onsdag 17. november blei det sett fram påstandar om at fly som har vore nytta av Norsk Folkehjelp under deira hjelpesendingar i Sør-Sudan i tillegg har vore nytta til å levere våpen til SPLA-røyrsla, kamuflert i sekkar som var merka med Raude Kross emblemet.

I programmet blir både ein namngjeven norsk pilot som gjer greie for denne verksemda intervjua, og ein ikkje namngjeven person som seier han har vore med på slike leveringar.

Forholda dei to deltakarane i programmet seier dei har delteke i er særs alvorlege då det inneber misbruk av Raude Kross emblemet.

Etter Genèvekonvensjonane av 1949 pliktar Noreg å ha straffebod som rammar slike forhold, og til å straffe eitkvart misbruk.

I lys av Noregs plikter etter folkeretten, samt generelle ynskje om å sikre og styrkje respekten for hjelpepersonell og folkeretten på området, er misbruk av emblemet særs alvorleg. Forholdet er derfor meldt frå til Riksadvokaten.

Det Kgl. Utanriksdepartement, 19. november 1999

Lagt inn 22. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen