Historisk arkiv

Nobels fredspris: - verdig pris for en eineståande humanitær innsats, seier utanriksminister Vollebæk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 183/99
Dato: 15. oktober 1999

Nobels fredspris: - verdig pris for en eineståande humanitær innsats, seier utanriksminister Vollebæk

  • Tildelinga av til Legar utan grenser er ein verdig pris til ein organisasjon som har gjort ein eineståande humanitær innsats i område ramma av væpna konflikt og katastrofer verda over, seier utanriksminister Knut Vollebæk.
  • Legar utan grenser har med sitt verdsomspennande engasjement og vilje og evne til å arbeida i svært vanskelege område, hatt ein sentral rolle i det internasjonale humanitære arbeid. Organisasjonen har gjennom sin uredde innsats vore først inne og sist ute av mange kriseområde og på den måten stått fram som eit føredøme for andre, seier utanriksminister Vollebæk.
  • Organisasjonen har markert seg som uavhengig av politiske regime og medverka til å retta omverdas søkeljos mot dei mange offer for krig og katastrofar, seier utanriksministeren. Han understrekar at Nobelpris-tildelinga ikkje bare er ei anerkjenning av det viktige arbeid Legar utan grenser utfører, men av all humanitær innsats.

Legar utan grenser er ein viktig kanal for norsk humanitær hjelp. I løpet av dei to siste åra er det blitt kanalisert over 100 millionar kroner gjennom organisasjonen.

Lagt inn 15. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen