Historisk arkiv

Noreg gir 1,2 milliardar kroner til Verdsbankens utviklingsfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 110/99
25. juni 1999

Noreg gir 1,2 milliardar kroner til Verdsbankens utviklingsfond

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag for Stortinget om at Noreg tek del i den tolvte kapitalpåfyllinga av Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) i Verdsbanken med eit bidrag på 1242 mill. kroner over tre år i 1999-01. Noregs del av påfyllinga utgjer 1,42 prosent, og er eit resultat av forhandlingar som har pågått i et år. Fondet gir utviklingshjelp til dei fattigaste landa, særleg i Afrika sør for Sahara, i form av rentefrie lån med lang tid for tilbakebetaling.

Noreg og dei andre nordiske landa utgjer ei viktig gruppe av gjevarar til IDA, og påtrykk frå dei nordiske land har medverka til viktige endringar i Verdsbanken og IDA sine prinsipp og retningsliner. Forhandlingane om kapitalpåfyllinga synte at det er brei semje blant gjevarane om å styrke fondet si overordna målsetting om reduksjon av fattigdom gjennom langsiktig og berekraftig sosial og økonomisk utvikling. Særskilt viktig i denne samanhangen vil vere satsing på helse og utdanning, kvinner og barn, vern av miljøet, økonomiske reformer, spørsmål om gjeld og utvikling av næringslivet. Fleire, mellom anna Noreg, framheva at kvaliteten på eit lands styresett er ein viktig utviklingsfaktor. I sluttdokumentet for forhandlingane blir det lagt stor vekt på å fremme godt styresett i låntakerlandene, og dette blir anset som sentralt for å oppnå gode resultater i utviklingsarbeidet.

Forhandlingane om finansieringa av kapitalpåfyllinga blei ferdige etter berre fire forhandlingsrundar. Det vart semje om eit nivå for påfyllinga som gjer at Verdsbankens utviklingsfond held oppe si sentrale rolle som utviklingsbank med ein samla kapasitet for utlån på om lag 20,5 milliardar dollar over dei neste tre åra.

Regjeringa har tidlegare også lagt fram eit forslag for Stortinget om at Noreg tek del i den åttande kapitalpåfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF) med eit tilskot på om lag 795 mill. kroner for perioden 1999 til 2001.

Lagt inn 25. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen