Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Slovenia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 174/99
1. oktober 1999

Noreg inngår luftfartsavtale med Slovenia

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Slovenia. Avtalen gjeld rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa.

For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjer avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Slovenia. Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Slovenia og Danmark og Sverige.

Samtidig med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Slovenia.

Lagt inn 1. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen