Historisk arkiv

Noreg innkallar Pakistans ambassadør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:179/99
Dato: 13. oktober 1999

Noreg innkallar Pakistans ambassadør

Den pakistanske ambassadør i Oslo vart i dag innkalla til Utanriksdepartementet der han mottok ein kraftig norsk protest mot militærkuppet i Pakistan. Frå norsk side vart det understreka at kuppet er eit uakseptabelt brot på grunnleggjande demokratiske spelereglar og sett fram krav om at makta snarast må tilbakeførast til sivile, lovleg valde styresmakter.

Utanriksminister Knut Vollebæk gir i ein kommentar uttrykk for stor uro over det som har skjedd i Pakistan. - Militærkuppet er eit trugsmål mot stabiliteten i heile regionen. Det er nødvendig at dei militære no trer tilbake og medverkar til å gjeninnføra demokrati i landet.

-Norske styresmakter vil i samråd med andre land vurdera korleis ein kan leggja ytterlegare press på militærregimet, seier utanriksminister Vollebæk.

Etter atomprøvesprengingane i 1998 fraus den norske regjeringa stat-til-stathejlpa med Pakistan med ujntak av fattigdomsretta prosjekt og menneskerettstiltak. – Også desse prosjekta vil no bli vurdert, seier utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson.

Lagt inn 13. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen