Historisk arkiv

Noreg ratifiserer protokoll om kamp mot havforureining

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 192/1999
Dato: 29. oktober 1999

Noreg ratifiserer protokoll om kamp mot havforureining

Regjeringa har i dag vedteke å ratifisere ein protokoll av 1996 til ”Overeinskomst av 1972 om kamp mot havforureining ved dumping av avfall og anna materiale”. Protokollen er utarbeidd i regi av Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) og regulerer dumping av avfall til havs. Den vil erstatte 1972-konvensjonen når den trer i kraft.

Protokollen fastset eit generelt forbod mot dumping, samstundes som den fastset fullt ut kva stoff eller avfall som det skal vere tillate å dumpa. Det vert innført eit totalforbod mot dumping av radioaktivt avfall. Dette har i ei årrekkje vore eit hovudspørsmål innanfor arbeidet med konvensjonen, og Noreg har saman med ei rekkje andre land vore pådrivar for å få eit slikt forbod. Vidare er det etter norsk syn eit stort framsteg at det er vedteke eit totalforbod mot brenning av avfall til sjøs.

Utanriksdepartementet, 29. oktober 1999

Lagt inn 29. oktober 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen