Historisk arkiv

Noreg underteiknar avtale om etablering av eit rådgjevande senter for WTO-regelverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 205/99
Dato: 26. november 1999

Noreg underteiknar avtale om etablering av eit rådgjevande senter for WTO-regelverket

Regjeringa har i Statsråd i dag vedteke at Noreg skal underteikne ei avtale om etablering av eit rådgjevande senter for WTO-regelverket. Avtala vil bli lagt ut for underteikning på WTO-ministerkonferansen i Seattle 30. november 1999.

WTO-avtala av 15.4.99 om reglar og prosedyrar for tvisteløysing gjer at alle WTO-medlemmene kan prøve handelsrettslege tvistar. Mange av dei fattigaste utviklingslanda manglar likevel faglege føresetnader for å gjennomføre tvistesaker i WTO. På denne bakgrunn har ei mindre gruppe WTO-medlemmer frå både utviklingsland og industriland, blant desse Colombia, Nederland og Noreg, teke initiativ til å etablere eit uavhengig senter. Senteret skal gje juridisk opplæring, ekspertise og rådgjeving om WTO-regelverket til utviklingslanda og særleg dei fattigaste landa. Desse landa vil med hjelp frå senteret kunne ivareta sine rettar etter WTO-regelverket på ein betre måte.

Det er sett av 8 millioner kroner på budsjettet til Utanriksdepartementet for 2000 til kapitalfondet til senteret. I tillegg blir det lagt opp til at ein vil gje eit årleg driftstilskot på 2 millionar kroner i dei fem første driftsåra til senteret.

Avtala vil bli underteikna med atterhald om ratifikasjon.

Lagt inn 29. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen