Historisk arkiv

Om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale mellom EFTA og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyremakta (PA)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 92/1999
Dato: 21. mai 1999

Om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale mellom EFTA og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyremakta (PA)

Stortingsproposisjonen om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta vart godkjend i statsråd i dag. Frihandelsavtalen vart underteikna under ministermøtet i EFTA den 30. november 1998 i Leukerbad.

Hovudformålet med frihandelsavtalen er å medverke til økonomisk utvikling i dei palestinske områda ved å betre handelsvilkåra for varane deira. Det har òg vore eit sentralt poeng å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår som i assosieringsavtalen mellom EU og Den palestinske sjølvstyresmakta. På same tid ønskjer EFTA-statane å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda med det formål å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Frihandelsavtalen vil vere eit viktig bidrag i så måte.

Den mellombelse frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta er bygd over same lesten som EFTA sine frihandelsavtaler med tredjeland. Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på utviklinga i det internasjonale handelsregimet i den seinare tida. Avtalen er samstundes forhandla fram på bakgrunn av Paris-protokollen (Protocol on Economic Relations, underskriven i Paris 29. april 1994) mellom Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta (PA).

Avtalen omfattar med få unntak handel med industrivarer, foredla landbruksvarer, fisk og fiskeprodukt. Avtalen er forhandla fram i samsvar med artikkel XXIV i GATT. Enkelte føresegner i avtalen er utarbeidd med utgangspunkt i at PA på enkelte område har avgrensa kompetanse etter Paris-protokollen. Avtalen er ein mellombels avtale til PA sin endelege status er avklart.

Som ein del av avtalekomplekset underteikna Noreg samstundes ein bilateral landbruksprotokoll om handel med uforedla landbruksvarer med PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Utanriksdepartementet, 21. mai 1999

Lagt inn 21. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen