Historisk arkiv

OSSE-formann, utanriksminister Knut Vollebæk, helsar velkommen frigjeving av krigsfangar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 161/1999
Dato: 17. september 1999

OSSE-formann, utanriksminister Knut Vollebæk, helsar velkommen frigjeving av krigsfangar

Presidenten i Armenia, Robert Kocharian, vedtok i går etter samtalar i Jerevan med OSSE-formann, utanriksminister Knut Vollebæk, utan vilkår å setja fri og overlevera tre krigsfangar til Azerbajdsjan. - Dette er eit viktig tillitsskapande tiltak frå armensk side. Det er mitt håp at dette vil styrka dialogen mellom Armenia og Azerbajdsjan og medverka til forsoning mellom partane, seier utanriksminister Vollebæk. Han hadde 15. og 16. september omfattande samtalar med armenske styresmakter der konflikten i Nagorno Karabakh sto sentralt.

OSSE-formannen understreka i samtalane at spørsmålet om sakna personar og utveksling av krigsfangar må løysast. OSSE har difor medverka til oppretting av ei eiga gruppe som har ansvaret for å leggja til rette for frigjeving av krigsfangar og bringa på det reine kva som har skjedd med sakna personar.

Utanriksminister Vollebæk kjem i dag til Azerbajdsjan som ledd i si rundreise i Kaukasus. Dei tre krigsfangane er med på flyet til OSSE-formannen når han landar i Baku kl. 19:00 lokal tid i ettermiddag.

Utanriksdepartementet, 17. september 1999

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen