Historisk arkiv

Påstandar om Norsk Folkehjelps medverknad til våpentransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 203/1999
Dato: 19. november 1999

Påstandar om Norsk Folkehjelps medverknad til våpentransport

Utviklings- og menneskerettighetsminister Hilde Frafjord Johnson innkalte Norsk Folkehjelp for å redegjere for påstandar om våpentransport i Utanriksdepartementet idag. I NRK-programmet ”Brennpunkt” 17.november kom det fram påstandar om at Norsk Folkehjelp har medverka til våpentransport til SPLA-rørsla i Sør-Sudan.

Frafjord Johnson oppsummerte etter møtet:

  • Vi har hatt ein grundig gjennomgang av påstandane som kom fram i programmet med Norsk Folkehjelp. Ut fra dei opplysningane og den dokumentasjon som kom fram i møtet, kan vi ikkje seie at det til no er dokumentert at organisasjonen med overlegg har bidratt til våpentransport.
  • Norsk Folkehjelp har tydeleg ikkje hatt god nok kontroll over alle ledd i organisasjonen sin, eller god nok oversikt i høve aktivitetane til samarbeidspartnerane sine. Det ble derfor understreka overfor Norsk Folkehjelp at det er heilt naudsynt at organisasjonen skjerpar rutinene sine på dette området. Det må ikkje vere mogeleg å utnytte eller å skape inntrykk av at humanitært hjelpeapparat blir utnytta til militære aktivitetar, avslutta utviklings- og menneskerettighetsminister Frafjord Johnson.

Utanriksdepartementet viser også til eiga pressemelding om misbruk av Raude Kross emblemet.

Det kgl. Utanriksdepartement, 19. november 1999


Lagt inn 22. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen