Historisk arkiv

Regjeringa ber om samtykke frå Stortinget til norsk deltaking i EUs senter for narkotikaovervaking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 210/99
Dato: 3. desember 1999

Regjeringa ber om samtykke frå Stortinget til norsk deltaking i EUs senter for narkotikaovervaking

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke å fremme ein stortingsproposisjon om samtykke til å inngå ei avtale med EU om norsk deltaking i EUs senter for narkotikaovervaking. Senteret har som oppgåve å samle, analysere og formidle informasjon og kunnskap om narkotika og narkotikapolitiske spørsmål. Senteret kan ikkje vedtake tiltak utover innsamling og handsaming av data.

Senteret ventast å bli svært viktig for den vidare utvikling av narkotikapolitiske strategiar og tiltak i Europa. Det vil vere med på å betre førebygginga og handsaminga av narkotikamisbruk også i Noreg. Senteret vil dessutan vere eit sentralt forum for formidling av dei synspunkta som ligg til grunn for narkotikapolitikken til Regjeringa.

Avtala sikrar Noreg full deltaking med møte- og talerett i organa til senteret, men utan stemmerett. Avtala må godkjennast også på EU-sida, og vil tre i kraft når den er godkjent av båe partar. Avtala ventast å tre i kraft i byrjinga av neste år.

Lagt inn 3. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen