Historisk arkiv

Regjeringa gjenopptar politiske kontaktar med Iran.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:152/99
8. september 1999

Regjeringa gjenopptar politiske kontaktar med Iran.

- Det er viktig å støtta opp under arbeidet for reformer i Iran. Regjeringa vil difor gjenoppta dei politiske kontaktane med iranske styresmakter, seier utanriksminister Knut Vollebæk.

Som eit ledd i gjenopprettinga av politiske kontaktar mellom Norge og Iran, skal statssekretær Wegger Strømmen i Utanriksdepartementet gjesta Iran 10.-13. september. Dette er det første politiske besøk til Iran sidan 1992 og ei oppfølgjing av utnemninga av ny norsk ambassadør til Teheran tidlegare i år. Besøket til statssekretær Strømmen vil etter planen bli følgt opp av eit møte mellom utanriksminister Vollebæk og den iranske utanriksminister Kharazzi under opninga av FNs generalforsamling i slutten av september.

- Det har skjedd ei positiv utvikling i Iran. Den iranske regjeringa synest innstilt på å vidareføra arbeidet for reformer trass i enkelte tilbakeslag og uro den siste tida. Dette gjev grunnlag for ei gradvis opptrapping av kontaktane både på det politiske, økonomiske og kulturelle området, seier utanriksminister Knut Vollebæk.

Statssekretær Strømmen skal under sitt besøk i Teheran drøfta ei rekke utanrikspolitiske tema. I tillegg til bilaterale spørsmål vil situasjonen i regionen, menneskerettar og demokratiske reformer stå sentralt.

Lagt inn 8. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen