Historisk arkiv

regjeringa gjer framlegg om over 300 ulike tiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 212/99
Dato:17. desember 1999

Ny handlingsplan for menneskerettar: regjeringa gjer framlegg om over 300 ulike tiltak

Regjeringa vil m.a. innarbeide FN-konvensjonen mot rasediskriminering i norsk lovverk og gjere framlegg om ein eiga lov mot etnisk diskriminering. Ho vil opprette eit prosjekt for frivillig rapportering, overvaking og verifisering i høve til menneskerettar og næringsliv, og vil oppretta eit kompetansesenter for urfolk sine rettar i Finnmark eller Tromsø. Regjeringa godkjenner etablering av ein eiga muslimsk grunnskole. Ho tek sikte på å etablere ein ny menneskerettsdialog med Indonesia.

Regjeringa legg i dag fram ei Stortingsmelding (St.meld. nr. 21 (1999-2000)) med ein Handlingsplan for menneskerettar: ”Menneskeverd i sentrum”. Handlingsplanen inneheld over 300 ulike tiltak for å fremje menneskerettane i Noreg og internasjonalt. Den har ei tidsramme på 5 år. Den norske handlingsplanen er ein av dei fyrste som er utarbeidd i den vestlege verda, og er ein av dei fyrste som omfattar både nasjonale og internasjonale tiltak.

Regjeringa vil gjere framlegg om å innarbeide fire sentrale menneskerettskonvensjonar i norsk lovverk: Torturkonvensjonen, Barnekonvensjonen, Kvinnekonvensjonen og Konvensjonen mot rasediskriminering.

Regjeringa vil styrke menneskerettsvernet i Noreg. Her tek planen mellom anna opp bruk av varetektsfengsling og sakshandsamingstida i straffesaker. Vidare vert spørsmål innan sosial- og helseomsorga drøfta.

Regjeringa ynskjer å gjere Institutt for menneskerettar til ein nasjonal institusjon for menneskerettar i tråd med anbefalingane frå FN.

Regjeringa vil støtte fristadsordninga for forfylgde forfattarar.

Det vert lagt vekt på tiltak i høve til samar og samisk kultur, asyl og utlendingsrett. Det vert og lagt vekt på funksjonshemma sine rettar. Utdanning og informasjon om mennskerettar vil verta styrkte.

Dei nasjonale tiltaka må og sjåast i samanheng med den internasjonale innsatsen for menneskerettar. Det er Regjeringa si klare meining at ein ikkje med full styrke kan kritisere brot på menneskerettane i utlandet dersom ein ikkje er villig til å drøfte mogelege problemer med etterleving av dei same rettane heime.

Særlege satsingsområder på det internasjonale plan er å styrke menneskerettsdimensjon i norsk bistand, arbeidet for barn sine rettar, arbeidet mot bruk av dødsstraff, arbeidet for kvinner sine rettar, homofile og lesbiske sin situasjon, rasisme, religions- og trusfridom, og arbeidet for å kjempe mot bruken av tortur.

Menneskerettsdialogen med land som Kina, Tyrkia og Cuba vil verte styrkte, og ein vil søke å etablere dialog med Vietnam og Indonesia.

Regjeringa gjer framlegg om å opprette eit pilotprosjekt for menneskerettar og næringsliv der hovedfokus vil ligga på å utvikle frivillige ordningar for næringslivet si rapportering, verifisering og overvaking av korleis bedriftene respekterar menneskerettane

Handlingsplanen som har fått tittelen ”Menneskeverd i sentrum” er ei vidareføring av den sterke understrekinga av arbeidet for menneskerettane frå Voksenås-erklæringa og er oppfølging av eit vedtak på Verdskonferansen om menneskerettane i 1993 der alle statar vart oppmoda om å utarbeide slike handlingsplanar.

Det vil vera mogeleg å fylgja arbeidet med å gjennomføra tiltaka i dei årlege rapportane om Regjeringa sitt arbeid med menneskerettane som Utanriksdepartementet gjev ut. Opplysningar om oppfylginga av handlingsplanen vil ein og kunne finne på den nye statlege internettsida: http://www.mr.dep.no/

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen