Historisk arkiv

Regjeringa underteiknar Europarådet sin sivilrettslege konvensjon mot korrupsjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 193/1999
Dato: 29. oktober 1999

Regjeringa underteiknar Europarådet sin sivilrettslege konvensjon mot korrupsjon

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne Europarådet sin sivilrettslege konvensjon om korrupsjon.

Arbeidet mot korrupsjon blir høgt prioritert både på det internasjonale og nasjonale plan. Bakgrunnen for dette er ei auka erkjenning av kva problem korrupsjon fører med seg. Korrupsjon kan undergrave eit godt styresett og verke konkurransevridande. Noreg underteikna den 27. januar i år Europarådet sin strafferettslege konvensjon mot korrupsjon. Den sivilrettslege konvensjonen, som no er klar for underteikning, inngår som eit ledd i det felles arbeidet mot korrupsjon.

Konvensjonen harmoniserer ikkje rettssystema i dei einskilde landa, men forpliktar partane til å etablere effektive system for å tilgodesjå dei omsyna som konvensjonen tek sikte på å ivaretake. Sentrale tiltak er tilgang til effektive rettsmiddel for personar som har lidd skade som følgje av korrupsjon og moglegheiter for rimeleg erstatning.

Konvensjonen er open for underteikning i Strasbourg frå den 4. november 1999 i samband med det 105. møtet i Ministerkomiteen. Noreg vil underteikne same dag. Konvensjonen må ratifiserast, og vil tre i kraft når 14 statar har erklært at dei er bundne av den.

Utanriksdepartementet, 29. oktober 1999

Lagt inn 29. oktober 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen