Regjeringa vedtar å underteikne protokoll til kvinnekonvensjonen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.11.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 206/99
Dato: 26. november 1999
Regjeringa vedtar å underteikne protokoll til kvinnekonvensjonen
Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ein protokoll av 6. oktober 1999 til FN sin konvensjon om å avskaffe alle former for diskriminering mot kvinner (Kvinnekonvensjonen) av 18. desember 1979. Protokollen gir overvakingsorganet til Kvinnekonvensjonen – Kvinne-komitéen – rett til ta imot klager frå kvinner som meiner at rettane fastsett i Kvinnekonvensjonen er krenka. Kvinnekomitéen blir også gitt ein viss rett til å undersøkja om ein stat bryt rettane som er nedfelt i Kvinnekonvensjonen.
Det er venta at den nye protokollen vil bli eit vesentleg bidrag for å sikre at statar gjennomfører pliktene sine etter Kvinnekonvensjonen. På ein slik måte vil protokollen vere ein viktig reiskap for å styrke rettane til kvinner og sikre likestilling mellom kjønna.
Protokollen vil tre i kraft tre månader etter at ti statar har sagt seg villige til å vere bundne av protokollen.
Lagt inn 29. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen