Historisk arkiv

Stortingsproposisjon om samtykke til ratifikasjon av vedtektene for Den internasjonale straffedomstol

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 207/99
Dato: 26. november 1999

Stortingsproposisjon om samtykke til ratifikasjon av vedtektene for Den internasjonale straffedomstol

Regjeringa har i dag vedteke å leggje fram vedtektene av 17. juli 1998 for Den internasjonale straffedomstol for Stortinget for samtykke til ratifikasjon. Vedtektene går inn for å etablere ein permanent, internasjonal straffedomstol.

Vedtektene for Den internasjonale straffedomstol vart vedtekne på ein diplomatkonferanse i regi av FN i Roma 17. juli 1998 med eit fleirtal på 120 mot 7 statar og 21 som avstod. Dette innebar eit gjennombrot i handsaminga av eit spørsmål som har stått på FN sin dagsorden heilt sidan 1948. Noreg underteikna vedtektene 28. august 1998 på bakgrunn av kgl. resolusjon av 21. august 1998. Hittil har 89 statar underteikna og 4 statar ratifisert vedtektene.

Domstolen kan straffeforfølgje individ for dei alvorlegaste internasjonale brot som folkemord, brot mot grunnleggjande menneskerettar og krigsbrotsverk. Domstolen vil utgjere eit sikringsnett som kan tre i funksjon når dei nasjonale domstolane ikkje gjennomfører ei reell straffeforfølgjing. Domstolen kan ta opp saker dersom enkelt-statar eller Tryggingsrådet i FN ber om det. Den kan og handla etter eige initiativ frå domstolen sin hovudklagar. I tillegg til når Domstolen er aktivert etter bindande vedtak av Tryggingsrådet i FN, kan Domstolen berre døme dersom brotet har skjedd i ein stat som er part i vedtektene eller dersom forbrytaren sin heimstat er part i vedtektene.

Vedtektene vil tre i kraft når dei er ratifisert av 60 statar.

Lagt inn 29. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen