Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk beklagar amerikansk nei til prøvestans

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 181/99
14. oktober 1999

Utanriksminister Vollebæk beklagar amerikansk nei til prøvestans

  • Noreg beklagar sterkt at det amerikanske senatet i går sa nei til framlegget frå president Clinton om å ratifisera prøvestansavtalen, seier utanriksminister Knut Vollebæk. – Frå norsk side har vi støtta fullt opp under det arbeid den amerikanske administrasjonen har gjort for å få avtalen ratifisert.
  • Vi vonar at vedtaket i det amerikanske senatet ikkje vil få negative følgjer for oppslutninga om prøvestansavtalen og arbeidet for at avtalen skal tre i kraft, seier utanriksminister Vollebæk. – Dei indiske og pakistanske prøvesprengingane i mai i fjor viser betydningen av å sikra full oppslutning om prøvestansavtalen.

Noreg ratifiserte prøvestansavtalen i juli i år. Den er eit svært viktig element i arbeidet for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing av atomvåpen. Avtalen vart vedteken i 1996 og forbyr alle typar kjernefysiske prøvesprengingar. Alle dei fem atommaktene har underteikna avtalen. Men for at den skal tre i kraft, er det nødvendig at dei og ratifiserer avtalen. Av atommaktene har Storbritannia og Frankrike til no ratifisert avtalen.

Lagt inn 15. oktober 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen