Historisk arkiv

Luftfartsavtale mellom Noreg og Makedonia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 21/00
Dato: 10. mars 2000

Luftfartsavtale mellom Noreg og Makedonia

Det vart i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Makedonia. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske flyselskap gjev avtalen rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Makedonia.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Makedonia og Danmark og Sverige.

Samstundes med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Makedonia.