Historisk arkiv

Noreg ratifiserer vedtektene for Den internasjonale straffedomstol

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: Nr. 14/00
Dato: 17. februar 2000.

Noreg ratifiserer vedtektene for Den internasjonale straffedomstol

Noreg overleverte i går det norske ratifikasjonsdokumentet til FN for Roma-vedtektene av 17. juli 1998 for Den internasjonale straffedomstolen.

Stortinget ga sitt samtykke til ratifikasjon den 27. januar 2000. Under sakshandsaminga i Stortinget sa utenriksminster Knut Vollebæk at vedtaket om å etablere ein fast, global straffedomstol er eit gjennombrot for folkeretten. Domstolen vil redusere reaksjonstida til det internasjonale samfunnet mot dei mest alvorlege internasjonale lovbrota og kan også få ein avskrekkande verknad. Verknaden og effektiviteten til domstolen er i praksis avhengig av oppslutninga frå dei ulike statane og den politiske viljen til å støtte Domstolen. Den tidlege norske ratifikasjonen er i tråd med den norske innsatsen under forhandlingane om oppretting av domstolen.

Vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen blei vedteke på ein diplomatkonferanse i regi av FN i Roma 17. juli 1998. Domstolen kan straffeforfølgje individ for dei alvorlegaste internasjonale brot som folkemord, brot mot menneskja og dei alvorlegaste krigsbrota. Domstolen vil vere eit sikringsnett som kan tre i funksjon når dei nasjonale domstolane manglar vilje eller evne til å gjennomføre ei reell straffeforfølging. Domstolen kan igangsetje straffeforfølging dersom statar eller FNs Tryggingsråd ber om det, men også etter eige initiativ av Domstolen sin hovudklagar. Utanom dei tilfella der Domstolen er sett i verk etter bindande vedtak av FNs Tryggingsråd, kan Domstolen berre døme dersom brotet har skjedd i ein stat som er part i vedtektene eller dersom forbrytaren sin heimstat er part i vedtektene. Domstolen kan ikkje idøme dødsstraff, men livsvarig fengselsstraff under særlege omstende.

Noreg er den sjuande staten som ratifiserer vedtektene. 94 stater har til nå underteikna vedtektene og såleis vist at dei aktivt arbeider med sikte på ratifikasjon.

Vedtektene vil tre i kraft når dei er ratifisert av 60 statar.