Historisk arkiv

Regjeringa vedtek endringar i føresegner om tiltak i Irak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 6/00
Dato: 21. januar 2000

Regjeringa vedtek endringar i føresegner om tiltak i Irak

Regjeringa har i dag vedteke visse endringar i føresegnene om tiltak i Irak.

Føresegnene som no er vedteke etablerer nye prosedyrar og legg føringar som opnar for gradvise endringar og tillempingar av sanksjonar i framtida.

Endringane inneber i utgangspunktet ingen lette når det gjeld Irak si plikt til å etterleve tidlegare resolusjonar eller når det gjeld samarbeidsplikta med Dei sameinte nasjonane sine organ. Dei legg likevel til rette for fleksible mekanismar for suspensjon av sanksjonane med unntak av våpenembargoen, dersom nærare vilkår vert oppfylte.

Ein opphevar det tidlegare taket på oljesal under det såkalla ”Olje for mat”–programmet for å betre den humanitære situasjonen for den sivile folkesetjinga i Irak. Det vert i denne samanheng lagt opp til visse justeringar for å gjere eksporten av petroleum og petroleumsprodukt frå Irak meir effektiv, og gjort utbetringar som vil gjere oljeindustrien i Irak i stand til å greie denne eksporten.

I denne omgang vert det berre gjort mindre endringar i det norske regelverket. Det er dei tidlegare gjeve føresegnene ( nr 635 av 9/8-90 og nr 786 av 5/10-90) om gjennomføring av resolusjon nr 661/90 og nr 670/90 frå Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane som no vert endra.

Føresegnene tek til å gjelde straks.

Lagt inn 21. januar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen