Arbeidsmarknadstiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 51/2002
Dato: 03.10.02
Kontaktperson: |
Ekspedisjonssjef Rune Solberg, 22 24 47 00 |
Arbeidsmarknadstiltak
Regjeringa foreslår at det samla tiltaksnivået blir auka til 30 500 plassar i 2003. Dette er ein auke på om lag 600 tiltaksplassar samanlikna med 2002.
Tiltaksnivået vil gi rom for å auke attføringsverksemda før eventuell uføretrygd, og også auke innsatsen for at uførepensjonistar skal komme i jobb. Dette inkluderer også fleire plassar til oppfølging av opptrappingsplanen for psykisk helse.
Som eit ledd i regjeringas arbeid for å motverke fattigdom skal tilknyting til arbeidsmarknaden prioriterast. Dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka vil i første rekke bli sette inn overfor ungdom, innvandrarar og langtidsledige, medrekna langtidsledige sosialhjelpsmottakarar.
For å auke aktiviteten og for å få meir effektiv ressursbruk er det på fleire område innan avklaring og formidling sett i verk forsøk med aktivitets- og resultatsbaserte finansieringsordningar.