Historisk arkiv

Vedtak i klagebehandling av lokalisering av 110-sentralar - Rana

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 44/2003
Dato: 27.06.2003

Kontaktpersonar:

Informasjonssjef Lisa Bang 22 24 49 58, eller

informasjonsrådgivar Le Hang Duong 22 24 46 58

Vedtak i klagebehandling av lokalisering av 110-sentralar - Rana

Den nye 110-sentralen i Helgeland Politidistrikt skal lokaliserast i Rana. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har i dag fatta vedtak om å oppretthalde vedtaket frå Direktoratet for brann- og eltryggleik.

Lokaliseringsvedtaka står fast, i tråd med saklege og relevante brannfaglege vurderingar og ut frå kva som samla sett best sikrar dette formålet av dei aktuelle alternativa til lokalisering av 110-sentral. Dei eksisterande 110-sentralane er alle godkjende av Direktoratet for brann- og eltryggleik. Utslagsgjevande for lokaliseringsvedtaka har likevel vore kva for sentral som må seiast å ha best føresetnader for å klare overgangen til større regionar med langt større tilfang av oppdrag.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har dermed avslått klagen frå Vefsn kommune.