Historisk arkiv

Pionerdykkarane i Nordsjøen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 19/2004
Dato: 11.05.04
Kontaktpersonar: Informasjonssjef Lisa Bang 22 24 49 58 eller kommunikasjonsrådgivar Gunn Janne Myrseth 22 24 47 58

Pionerdykkarane i Nordsjøen

Regjeringa foreslår ei samla løyving på 284 millionar kroner for å gi pionerdykkarane frå 1965 til 1990 den oppreisinga og økonomiske kompensasjonen dei fortener.

Stortinget vedtok i samband med behandlinga av stortingsmelding nr. 47 (2002- 2003) om pionerdykkarane i Nordsjøen å etablere ei kompensasjons- og oppreisingsordning. Om lag 150 dykkarar og 30 etterlatne er etter alt å døme omfatta av ordninga. Innan 1. juli i år skal det vere på plass ei eiga nemnd som administrerer ordninga.

Gjennom kompensasjonsordninga får kvar dykkar ei utbetaling på opptil 40 gonger grunnbeløpet i Folketrygda. Samstundes blir det oppretta ei oppreisingsordning på 200.000 kroner til kvar enkelt pionerdykkar og etterlatne.

Det blir foreslått inntil 10 millionar kroner til Norsk Oljemuseum i Stavanger som får ansvaret for diverse prosjekt som skal dokumentere, ta vare på og heidre innsatsen til pionerdykkarane. Vidare er det foreslått 2 millionar til dokumenterte utgifter for Nordsjødykker-Alliansen (NSDA) og enkeltpersonar som har medverka til at pionerdykkarane sin innsats er blitt kompensert og heidra.