Sluttpakkar og rett til sjukepengar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 27.02.2004
Sluttpakkar og rett til sjukepengar
Skr. spm. fra Magnhild Meltveit
Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren
Rette vedkommende: sosialministeren
Dok. 15 spm. 43 (2003-2004)
Datert: 13.10.2003
Besvart 20.10.2003 av sosialminister Ingjerd Schou
(H)
Spørsmål:
Meiner statsråden at sluttpakkar som følgje av nedbemanning i
ei statleg verksemd skal innehalda rett til sjukepengar?
Grunngiving:
Ein arbeidstakar som hadde vore tilsett i Telenor i 22 år,
laut gå frå arbeidet sitt med ei sluttpakke som inneber løn i 21
månader. Sluttpakken vert utbetalt i to ratar og innberetta som
løn. På trygdekontoret har han fått opplyst at han ikkje har rett
på sjukepengar ved sjukdom, vidare at han korkje har rett på
dagpengar eller sjukepengar viss han er sjuk når dei 21 månadene er
gått. Dette vart ikkje opplyst av Telenor då avtalen vart gjort. Eg
ser gjerne at statsråden gjer greie for om eit slikt avtalegrunnlag
er vanleg i statlege verksemder og om han meiner det er slik det
bør vera.
Svar:
Spørsmålet er oversendt fra arbeids- og
administrasjonsministeren til sosialministeren. Spørsmålet berører
begge departement.
Hovedsvaret fra sosialministeren:
Under mellombels fråver frå inntektsgjevande arbeid kan ein
få sjukepengar dersom sjukmeldinga fell innafor dei første tre
månadene. For personar som har ferie, lovbestemt permisjon og
liknande gjeld særskilde reglar. I framlegg til statsbudsjettet for
2004 er denne grensa foreslått endra til ein månad. Personar som
mottek dagpengar har rett til sjukepengar frå første dag om dei
vert sjuke, uavhengig av tidspunktet for sjukmeldinga.
Det vert ikkje gitt dagpengar i perioden vedkomande mottek
sluttvederlag/etterløn. Med andre ord får ein person som vert
sjukmeldt i den perioden det er utbetalt sluttvederlag for (dvs. i
perioden der ein ikkje har dagpengerett) ikkje sjukepengar om
sjukmeldingstidspunktet fell utafor dei første tre månadene.
Sluttløn og liknande ytingar frå arbeidsgjevaren suspenderer
retten til dagpengar, samstundes som ein risikerer å felle utanom
sjukepengeordninga. Den aukande omstillinga i dagens arbeidsliv har
aktualisert denne problemstillinga. Dette er bakgrunnen for at
Regjeringa i budsjettet og i Ot.prp. nr. 10 (2003-2004) Om lov om
endringar i folketrygdloven og i enkelte andre lover
(samleproposisjon høsten 2003) har foreslått at denne persongruppa
skal få utvida perioden kor sjukepengeretten er i behald til seks
månader.
Delsvaret fra arbeids- og administrasjonsministeren:
Eg vil først gjere merksam på at stortingsrepresentant Kleppa
sitt "hovudspørsmål" er send sosialminister Ingjerd Schou som rette
vedkommande, då det er Trygdeetaten som handhever reglane om
sjukepengar.
Eg finn det likevel formålstenleg å kommentere einskilde
delar av grunngjevinga, då dette er mitt ansvarsområde. Først vil
eg gjere merksam på at Telenor ikkje er ein del av staten som
juridisk person. Det er Telenor som sjølv avgjer bruk av
sluttvederlag, og rutinar for informasjon. For statlege verksemder
(del av staten som juridisk person), er det laga standardkontraktar
til bruk ved avtale om sluttvederlag. Desse kontraktane gjer greie
for mange viktige forhold, mellom anna sjukepengar og dagpengar.
Ein rar ikkje sjukepengar om ein vel å ta i mot sluttvederlag.
Sluttvederlaget vert rekna med i minstegrunnlaget for rett
til dagpengar og i dagpengegrunnlaget. Dersom ein er sjuk, er ein
ikkje reell arbeidssøkjar, og vil ikkje få dagpengar. Dette gjeld
heilt uavhengig av ordningar med sluttvederlag.
Til slutt vil eg nemne at sluttvederlag er ei ordning som er
frivillig, og har til føremål at den einskilde sjølv kuttar bandet
til arbeidsgjevar, mot at han/ho får ein sum pengar.