Historisk arkiv

Auka innsats mot tvangsekteskap og omskjering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa styrkjer innsatsen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting i forslaget til revidert nasjonalbudsjett. På BFDs budsjett er det foreslått ei ekstraløyving på til saman 13 millionar kroner til denne innsatsen. (07.05.02)

Pressemelding

Nr.: 02026
Dato: 07.05.02

Revidert nasjonalbudsjett:

Auka innsats mot tvangsekteskap og omskjering

Regjeringa styrkjer innsatsen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting i forslaget til revidert nasjonalbudsjett. På BFDs budsjett er det foreslått ei ekstraløyving på til saman13 millionar kroner til denne innsatsen. I tillegg vil regjeringa bruke 7 millionar kroner ekstra til vidareføring av gratis korttidstilbod i barnehage for fire- og femåringar i bydel Gamle Oslo ut året.

- Vi vil prioritere ei styrking av denne innsatsen ved å løyve friske midlar. Hittil har handlingsplanar, tiltak og det etablerte prosjektet mot omskjering vore finansiert ved å omdisponere innan budsjettramma, bl.a. på budsjettet for barne- og ungdomsvernet. Ikkje minst er det viktig å sikre ein offensiv fram mot sommarferien, understrekar barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Åtte departement tek del i arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Regjeringa la nyleg fram eit nytt program i arbeidet mot tvangsekteskap, og seinare i mai vil ei ny tiltakspakke mot kjønnslemlesting bli presentert.

Tilbodet om gratis korttidsopphald i barnehagar for fire- og femåringar i bydel Gamle Oslo er sikra fram til sommaren. Regjeringa vil vidareføre tilbodet også i andre halvår og foreslår derfor sju millionar kroner ekstra til dette.

Spørsmålet om utviding av ordninga vil regjeringa komme tilbake til i samband med forslag til statsbudsjett for 2003. Barne- og familiedepartementet vurderer bl.a. ei mogleg forsøksordning i utvalde kommunar, med sikte på å betre språkforståing og integrering i aktuelle familiar med barn i førskolealder.