Historisk arkiv

Auke i kontantstøtta - småbarnstillegget skal avviklast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 02069C
Dato: 03.10.02

Auke i kontantstøtta - småbarnstillegget skal avviklast

Regjeringa foreslår å auke kontantstøtta med 657 kroner per månad frå 1. august neste år. Det tilsvarer småbarnstillegget i barnetrygda. Det er forslag om å avvikle småbarnstillegget frå same tidspunktet.

Småbarnstillegget er eit særskilt tillegg i barnetrygda. Denne overføringsordninga når til liks med kontantstøtta og statstilskotet til barnehagar foreldre med barn frå eitt til tre år. Regjeringa foreslår å avvikle småbarnstillegget og omdisponere midlane til barnehagar og til kontantstøtte. - Vi ønskjer å medverke til valfridom og ein trygg økonomisk situasjon for barnefamiliane gjennom gode økonomiske overføringsordningar. Avvikling av småbarnstillegget inneber i tillegg ei forenkling av ordningane, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Regjeringsforslaget inneber at dei fleste småbarnsfamiliar får nyte godt av anten redusert foreldrebetaling i barnehage eller auka kontantstøtte. For dei som ikkje nyttar barnehageplass, blir avviklinga av småbarnstillegget fullt ut kompensert gjennom auken i kontantstøtta. Familiar med barnehageplass får heilt eller delvis kompensert bortfallet av småbarnstillegget gjennom lågare foreldrebetaling.

Dette vil slå noko ulikt ut for den enkelte familie, alt avhengig av kor mykje dei betaler i dag i forhold til kva dei må betale etter 1. august neste år. Dei som i dag betaler ein gjennomsnittspris for heildagsplass i kommunale eller private barnehagar, får ein nettogevinst allereie neste år dersom foreldrebetalinga kjem ned i 2 500 kroner per månad. Heile småbarnsperioden sett under eitt, blir gevinsten forsterka. Mens bortfallet av småbarnstillegget berre gjeld for barn mellom eitt og tre år, gir redusert foreldrebetaling fordel heilt fram til barnet begynner på skolen.

Det er forslag om å føre vidare dagens ordning med ekstra småbarnstillegg til einslege forsørgjarar. Den ordinære barnetrygda skal førast vidare med dei satsane som er i dag.

BFDs øvrige pressemeldinger om statsbudsjettet 2003