Historisk arkiv

Barnefamiliar med gjeldsproblem får større økonomisk tryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Familiar som slit med gjeldsproblem skal no få tryggare økonomiske rammer. Barne- og familiedepartementet sender i dag ut rundskriv om livsopphaldssatsar for barn i saker etter gjeldsordningslova.(17.04.02)

Pressemelding

Nr.: 02021
Dato: 17.04.02

Barnefamiliar med gjeldsproblem får større økonomisk tryggleik

Familiar som slit med gjeldsproblem skal no få tryggare økonomiske rammer. Barne- og familiedepartementet sender i dag ut rundskriv om livsopphaldssatsar for barn i saker etter gjeldsordningslova.

Formålet er å sikre rimeleg levestandard for barnefamiliar under gjeldsordning og å medverke til større likskap når summen til livsopphald for barn skal fastsetjast. Satsane til livsopphald for barn blir nokre gonger sett så lågt i gjeldsordningssaker at barna blir skadelidande. Det er også store regionale forskjellar i synet på kor mykje ein barnefamilie treng til livsopphald. Barne- og familiedepartementet ønskjer å sikre barn økonomisk forsvarlege oppvekstvilkår sjølv om foreldra har gjeldsproblem uansett kvar i landet familien bur.

Departementet rår til at rundskrivet gjeld frå 1.mai i år.

Rundskrivet finn du på Internettsidene til departementet:

Rundskrivet