Historisk arkiv

Årets barne-og ungdomskommune 2004 skal nominerast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

- Eg vil oppfordre alle som er stolte av kommunen sin, og det lokale arbeidet for å betre oppvekstmiljøet, til å søkje, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy. (06.05.04)

Pressemelding

Nr.: 04041
Dato: 06.05.04

Årets barne-og ungdomskommune 2004 skal nominerast

- Eg vil oppfordre alle som er stolte av kommunen sin, og det lokale arbeidet for å betre oppvekstmiljøet, til å søkje, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Føremålet med denne årlege utmerkinga er å stimulere til endå betre barne- og ungdomspolitikk i kommunane. Vinnaren skal vere ein kommune som har utmerkt seg ved å gjere eit spesielt godt arbeid for å betre oppvekstmiljøet. Eidskog vart kåra som den første kommunen i 2003.

Ein føresetnad for å nå opp er at kommunen har lagt vekt på eit godt samspel lokalt mellom ulike etatar og tenester, og mellom offentleg og frivillig sektor. Dialog med barne- og ungdomsmiljøa er også viktig. Kommunen må kunne vise til resultat frå arbeidet med å gi barn og ungdom innverknad.

Utnemninga av årets barne- og ungdomskommune 2004 skjer på den årlege konferansen om barne- og ungdomspolitikk på Hamar 12. - 13. oktober i år.

Vedlagt følgjer det invitasjonsbrevet som er sendt ut til kommunar, barne- og ungdomsorganisasjonar, barne- og ungdomsråd og liknande organ i kommunar og fylke.

Praktiske opplysningar om søknaden