Historisk arkiv

- Framlegg om lovfesta meldeplikt til barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa vil lovfeste at krisesentra skal ha opplysningsplikt til barnevernet, på linje med offentlege instansar og andre organisasjonar og private som arbeider for det offentlege. (02.09.05)

Pressemelding

Nr.: 05083
Dato: 02.09.2005

Krisesentra:

Framlegg om lovfesta meldeplikt til barnevernet

- Regjeringa vil lovfeste at krisesentra skal ha opplysningsplikt til barnevernet, på linje med offentlege instansar og andre organisasjonar og private som arbeider for det offentlege. Framlegget om endring i barnevernlova passerte statsråd fredag.

Framlegget vil medføre at krisesentra skal melde frå til barnevernet dersom ei kvinne flytter tilbake med barna frå krisesenteret til overgriparen og det er grunn til å tro at barnet blir utsett for alvorleg omsorgssvikt.

- Barnevernet må ha melding dersom barn bringes tilbake til ein situasjon der dei vert usette for vold og overgrep, anten direkte eller ved å vere vitne til slike handlingar mot andre. I mange tilfelle kan det vere slik at det er krisesenteret som best kjenner tilhøva i den aktuelle heimen. Det er ikkje akseptabelt at barn veks opp under slike tilhøve, og vi har ei plikt til å gjere det vi kan for å skjerme barna frå dette, påpeiker barne- og familieminister Laila Dåvøy.

- Det finst god dokumentasjon på at barn som utsettes for vold og overgrep, eller som er vitne til vold mot andre, kan få alvorlege skader. Av omsyn til barnet må derfor også krisesentra melde frå til barnevernet, dersom det er grunn til å mistenke at barnet blir utsett for alvorleg omsorgssvikt. Barnevernet har spesiell kompetanse for å kartleggje tilhøva og sikre naudsynt hjelp og omsorg for barn. Tenesta kan også vere ein viktig støttespelar for mora og mellom anna setje inn hjelpetiltak og gje råd, seier Dåvøy.

I høyringsrunden var det ei klår overvekt av dei som støtta til slik meldeplikt også for krisesentra.

----

Priv til red.: Ot.prp nr. 111 (2004-2005) om endring i barnevernlova finst på www.bfd.dep.no