Historisk arkiv

Full barnehagedekning, auka kvalitet i barnehagen og lengre pappaperm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Satsinga på utbygging og kvalitet i barnehagar, ny utviding av fedrekvoten og samlivskurs for alle førstegangsforeldre står sentralt i budsjettet for Barne‑ og familiedepartementet for 2006. (14.10.05)

Pressemelding

Nr.: 05101 A
Dato: 14.10.05

Budsjettet for Barne- og familiedepartementet for 2006:

Full barnehagedekning, auka kvalitet i barnehagen og lengre pappaperm

– Vi legg inn nok midlar til at vi kan nå målet om full barnehagedekning før utgangen av 2006, og vi vidarefører dei sterke økonomiske verkemidla vi har lagt inn gjennom fleire år. Vi vil prioritere at alle som ønskjer det, skal få plass i barnehage, framfor å redusere foreldrebetalinga endå meir no, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy. Satsinga på utbygging og kvalitet i barnehagar, ny utviding av fedrekvoten og samlivskurs til alle førstegangsforeldre stå sentralt i budsjettet for Barne‑ og familiedepartementet for 2006.

I statsbudsjettet for 2006 er det lagt inn midlar til ein vekst i kapasiteten tilsvarande 7600 heiltidsplassar for born under tre år. – Regjeringa ønskjer å setje fokus på kvalitet og innhald i barnehagen og løyver derfor 50 millionar kroner ekstra til mellom anna kompetanseutvikling for tilsette i barnehagane, seier Dåvøy. Regjeringa føreslår ikkje å innføre maksimalpris trinn 2 i 2006. Regjeringa prisjusterer den noverande maksimalprisen.

Fokus på foreldrerolla

Regjeringa føreslår å utvide fedrekvoten med ytterlegare éi veke, til seks veker, for fødslar frå og med 1. juli 2006. Utvidinga blir føreslått som ei forlenging av den samla fødsels‑ og adopsjonspengeperioden. – Vi vil gi fedrane meir tid saman med borna. På eitt år har vi auka pappapermisjonen frå fire til seks veker, seier Dåvøy.

Regjeringa vil gjere samlivskurset "Godt samliv!" landsdekkjande. – Å få barn er ei stor utfordring for forholdet, og vi ønskjer å førebyggje skilsmisser ved å la alle førstegangsforeldre få tilbod om dette kurset, seier Dåvøy. Regjeringa vil også at dei som blir adoptivforeldre for første gong, skal gjennomgå eit førebuande kurs ved søknad om adopsjon, og føreslår å auke adopsjonstøtta. Det blir vidare føreslått å styrkje drifta av familievernkontora, mellom anna ved å auke bemanninga ved ein del familievernkontor som har stor pågang og lange ventelister.

Meir pengar til utsette born
Regjeringa har sett av 14 millionar kroner i 2006 for å utvikle tiltak for born som lever med rusmisbrukande foreldre. – Born med foreldre som misbruker rusmiddel, er særleg sårbare i oppveksten. Dei treng hjelp og støtte, seier Dåvøy.

Regjeringa føreslår vidare å auke den statlege løyvinga til incestsentra med 8,9 millionar kroner i 2006, slik at den statlege delen av finansieringa utgjer 80 prosent. Incestsentra gir råd, støtte og rettleiing til vaksne som har vore utsette for incest, og til pårørande til incestutsette born. Incestsentra får ny finansieringsordning i 2006, og målet er å gi dei ein meir stabil og føreseieleg økonomi.

Nytt likestillings‑ og diskrimineringsombod
Det nye ombodet blir etablert 1. januar og skal handheve likestillingslova, diskrimineringslova, likebehandlingskapitlet i arbeidsmiljølova og forboda mot diskriminering i bustadlovene. Ombodet skal vidare sjå til at norsk rett og forvaltningspraksis er i samsvar med dei pliktene Noreg har etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon, og skal vere ein pådrivar i likestillingsarbeidet. Regjeringa løyver nye 5,5 millionar kroner til ombodet.

Utvida barnetrygd
Det blir føreslått ei endring ved utbetaling av utvida barnetrygd til einslege forsytarar. Retten til utvida barnetrygd fell bort når stønadsmottakaren har levd i eit ekteskapsliknande forhold i eit felles hushald i 12 av dei siste 18 månadene. Etter den nogjeldande praksisen blir utvida barnetrygd stansa berre på eitt tidspunkt per år (1. januar). Dette blir no endra, slik at utvida barnetrygd blir stansa frå månaden etter at stønadsmottakaren har levd i eit ekteskapsliknande forhold i 12 av dei siste 18 månadene.

Meir informasjon:

Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet, med andre pressemeldingar, talfakta og aktuelle lenkjer.