Historisk arkiv

Tryggare å kjøpe finansielle tenester på nett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Nye reglar om kjøp av finansielle tenester blir sette i kraft – endringar i angrerettlova. Det blir tryggare å bruke Internett og mobiltelefon i samband med slike tenester. (30.09.05)

Pressemelding

Nr.: 05099
Dato: 30.09.05

Det blir tryggare å bruke Internett og mobiltelefon når ein skal utføre finansielle tenester

Stadig fleire forbrukarar vel å kjøpe finansielle tenester – dei tek til dømes opp lån, kjøper forsikring eller opprettar konto – gjennom Internett, telefon, post eller SMS. 1. oktober kjem det nye reglar i angrerettlova som styrkjer rettane til forbrukarane ved slike salsformer, der forbrukaren og seljaren ikkje møtest (fjernsal).

Bakgrunnen for dei nye reglane er eit EU-direktiv om informasjonsplikt og angrerett ved fjernsal av finansielle tenester.

– Dei nye reglane kjem i tillegg til det gode vernet norske forbrukarar allereie har etter dei nogjeldande reglane, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy. Lova sikrar no forbrukarane meir informasjon til rett tid, og ho gjer det enklare å kome seg ut av visse avtalar.

Det er også positivt at vi får like reglar i heile Europa. Norske forbrukarar kan dermed dra nytte av det forbrukarvernet som blir innført i direktivet, også ved kjøp av finansielle tenester i utlandet.

Dei nye reglane seier kva slags opplysningar mellom anna bankar og forsikringsselskap skal gi forbrukarar før og i samband med fjernsalsavtalar om finansielle tenester. Målet er at det skal bli lettare for forbrukarane å vite kva slags avtale dei gjer.

I tillegg får forbrukarar som hovudregel rett til å gå frå avtalen (angrerett) i 14 dagar. Barne‑ og familiedepartementet startar no arbeidet med å utarbeide eit obligatorisk, felles angreskjema for finansielle tenester. Skjemaet skal sikre at forbrukarane blir informerte om angreretten som følgjer av lova. Både finansnæringa og forbrukarinteressene kjem til å bli trekte inn i dette arbeidet.