Historisk arkiv

Opningshelsing til Bufdirs fagkonferanse for familievernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Av politisk rådgjevar Astrid Apalset Vassbø

Politisk rådgjevar Astrid Apalset Vassbø, Barne- og familiedepartementet

Opningshelsing til Bufdirs fagkonferanse for familievernet

Trondheim, 4. november 2004

Gode familievernarar!

Det er ei stor glede for meg å få ønske velkomen til den årlege fagkonferansen for familievernet . Eg tykkjer det er spennande å høyre om familievernkontora og arbeidet som foregår der. Ikkje minst er det interessant korleis eit kyrkjeleg og eit offentleg tilbod kan utfylle kvarandre så godt og samtidig samarbeide fruktbart til felles nytte. Sånn skulle vi gjerne hatt det i fleire sektorar.

Kvifor trengs det eit familievern? Eg vil lese eit lite utdrag frå eit brev som var trykt i Aftenposten 30. oktober 2004, Simon Flem Devold har sidene ”På skråss”, ei ung dame hadde sendt inn eit brev til han der ho fortalde litt ho hadde opplevd.

"Første gang jeg skrev var jeg elleve år og hadde deg forferdelig vanskelig. Det var bare krangling hjemme, og jeg forsto at mamma og pappa ikke kunne leve i samme hus lenger."

"Jeg skrev til deg igjen da jeg var tretten. Da var familien gått i fillebiter. Krangelen forsatte i en rettssak, og jeg mistet både mamma og pappa. Slik følte jeg det i alle fall den gangen. De klarte aldri å bli enige om hvordan de skulle dele alle tingene, huset, bilene og alt det andre. Og det som var vanskeligst, var å finne ut hvordan de skulle dele meg. Jeg ble en del av skittentøyvasken i rettssalen."

Ingen skal måtte oppleve sånne ting, det er litt av vårt ansvar. Ungane må få stå i fokus, både for det vi i departementet arbeider med, og for dykk på familievernkontora i kring. Har foreldra det bra, har borna det bra. Og omvendt.

Familiepolitikken er eit særs viktig politikkområde for regjeringa og den politiske leiinga i Barne- og familiedepartementet. Derfor har eg sett fram til dette høve til å representera departementet ved opninga av denne konferansen.

I år har departementet delegert gjennomføringa av konferansen til Bufdir, som eitt av resultata av den nye forvaltningsordninga for familievernet. For framtida vert det nok òg slik med mykje av det som har med familievernet å gjere: At departementet vil ha ansvaret for å utforme politikken og dei overordna utviklingslinene for tenesta, mens forvaltninga vert ivaretatt av direktoratet.

Bufdir har fått god hjelp frå Familievernkontoret i Trondheim med den praktiske tilrettelegginga av dette arrangementet.

Etter samanslåinga av Familiekontoret for Trondheim kommune og Kirkens Familierådgivningskontor i 1999 er Familievernkontoret i Sør-Trøndelag det største familievernkontoret i landet, med for tida 20 tilsette. Ei heil lita bedrift. Kontoret tek årleg imot ei stor mengd klientar og meklingar frå heile fylket. Eg veit òg at kontoret har vore aktivt i å utvikla ulike metodeutviklingsprosjekt både i meklingsarbeid og i saker med familievald.

Eg vil nytte høvet til å retta ein stor takk til Familievernkontoret i Trondheim for å vera vertskap for konferansen i år! Håpar de får tid til å nyte byen.

I 1995 vart den første fagkonferansen for familievernet arrangert, nettopp her i Trondheim. Så slik sett er vi på gamle tomter. Sidan den gong har det vore ein fast tradisjon at departementet har invitert personale frå familievernet til ein fagkonferanse på hausten.

Målsettinga med dette tiltaket har fleire sider: Dels har vi ønska å gje fagleg påfyll og inspirasjon i det daglege arbeidet på kontora. Og dels meiner vi det er viktig å skapa ein sosial møteplass for alle familievernkontora som kan auke fellesskapet i tenesta. Det siste er kanskje det viktigaste.

Vi er inne i ei ny tid for familievernet og barnevernet med opprettinga av Bufdir og Bufetat som forvaltningsorgan etter at staten overtok ansvaret for dei fylkeskommunale oppgåvene på desse fagområda ved sist årsskifte. Ei slik forvaltningsreform er ei stor omstilling, med svært mange utfordringar både praktisk og organisatorisk.

Kanskje ikkje så rart sidan denne reforma faktisk har vore større enn til dømes den store helsereforma vi hadde for nokre år sida . Reforma har hatt innverknad på om lag 3.500 tilsette, og med eit totalt budsjettnivå på meir enn 3 milliardar.

Når det gjeld familievernet er hovudformålet med reforma å sikre god dekning av familieverntenester i hele landet og å utvikle likeverdige tilbod i alle regionane.

Trass i dei store forvaltningsmessige forandringane, har det daglege arbeidet på familiekontora gått sin gang. Både det terapeutiske og resten av personalet på kontora skal ha ein stor takk for det!

Eg veit at mange – med rette – har hatt store frustrasjonar mellom anna når det gjeld dataprogram og internettløysingar som ikkje har fungert etter føresetnadene. Vi seier oss leie for at slike tekniske løysingar ikkje har kome på plass til rett tid, og eg vil takke tenesta for stort tålmod i høve til dette! Det er eit klart mål å utvikla gode tekniske løysingar som kan syte for at dei tilsette får meir tid til det dei eigentlig skal gjere: Gje hjelp til par og familiar som treng det, og drive godt og aktivt førebyggjande arbeid. I desse dagar er arbeidet i gang med å førebu installering av nye IKT-løysingar i familievernet, og vi har no god tru på at tenesta skal være ”på nett” rett øve nyttår.

Så til ei anna stor nyheit. Departementet har i desse dagar gjort ferdig eit omfattande strategidokument for familievernet. Dette stakar ut retningslinene for Bufdirs forvaltning av familievernet for tida framover og vart presentert på leiarsamlinga her i går.

Strategidokumentet peikar mellom anna på at det skal satsast meir på førebyggjande familiearbeid. Det er viktig å gjere ein innsats for å endre folk sine kunnskapar og oppfatningar om samliv, samlivsproblem og samlivsbrot, og haldningar til å søkje hjelp. Dels dreier dette seg om å gi informasjon om kva familievernet gjer, men òg å senke terskelen for kontakt, og å allmenngjere samlivs- og familieproblem generelt.

Eg har skjønt at ein teknikk som vert brukt når eit par kjem til konsultasjon på eit familievernkontor er å prøve leite fram til den første gneisten. Kva var det som første gong fekk dei til å bli varme om hjartet? Så var det eit par som var inne og vart oppmoda om å tenkje tilbake på kva som først hadde gjort at dei fall for kvarandre. ”Ja,” sa mannen. ”Det var den blå strikkbuksa.”

Så nokre ord om budsjettproposisjonen som vart framlagd no i haust. Her leggast det vekt på ei styrking av det førebyggjande familiearbeidet, mellom anna med den store satsinga ”God Start”, tilbodet om gratis samlivskurs for alle som får sitt første barn. Dette prosjektet er i startgropa. I regi av Bufdir er det utarbeidd eit førebels kursopplegg som vert testa ut i om lag tjue kommunar i inneverande år. Neste år skal det utvidast kraftig, og planen og målet er at tilbodet skal vere landsdekkjande i 2006.

I budsjettproposisjonen legg vi òg vekt på leiaropplæring, kompetanseheving i arbeidet med minoritetsetniske familiar og auka satsing for familiar med funksjonshemma barn. Tilbodet til familiar med valdsproblematikk skal òg styrkast, blant anna gjennom prosjektet ”Barn som lever med vold i familien” i regi av Alternativ til vold og Senter for Krisepsykologi i Bergen.

Så tilbake til denne konferansen: Bufdir har lagt opp til eit spanande fagleg program. I fjor var temaet for konferansen ’kjærleik’, med vekt blant anna på eit historisk perspektiv på korleis kulturelle og samfunnsmessige tilhøve har verka inn på og forandra synet på kjærleik og parforhold gjennom historia. I år får vi eit anna perspektiv på kjærleiken, der fokus blir retta meir mot mellom anna kjønn og makt i familielivet.

Bufdir har òg valt å følgje opp fokuseringa på vald i nære relasjonar, seinare i dag skal vi høyre to innlegg som tek opp dette vanskelege og viktige emnet.

Dag to av konferansen er i år som tidlegare meir prega av prosjekt som familievernet driv sjølv. Det har kome mange innspel, og eit prosjekt med krisegrupper på Trondheimskontoret blir presentert i plenum. Andre kontor vil presentere sine prosjekt på ”stands” på prosjekttorget som har vorte ein fin tradisjon på konferansane dei seinare åra.

Så bra at det rundt på kontora finst ein stor fagleg motivasjon for å drive utviklingsarbeid og fagleg nyskaping! Det er tegn på eit fagfelt i utvikling og på personale som trivs i arbeidet, departementet ynskjer å stimulere til vidare innsats av dette slaget.

Morgondagen vert avslutta med informasjon og innspel frå direktorat og departement om viktige ting som har skjedd sidan sist, konferanse og planar for vidare arbeid.

Eg vil på vegne av den politiske leiinga i departementet takke for den verdfulle innsatsen de gjer, til beste for barn og familiar rundt om i landet! Familievernet er ei etterspurt teneste som gir eit svært godt tilbod til befolkninga!

Heilt til slutt vil eg lese eit dikt av Amanda Scheie Orellana (9 år), diktet heiter ”Hjertet”

Et plastikkhjerte

kan byttes ut.

Et glasshjerte

kan limes.

Et papirhjerte

kan tapes.

Et bomullshjerte

kan sys.

Et gullhjerte

kan smeden reparere.

Men et ekte hjerte

kan ikkje byttes ut

eller limes eller tapes

eller sys

eller repareres av smeden.

Men det kan repareres

av kjærlighet og omsorg,

vennskap og hjelp.

…det er her de kjem inn

Lukke til vidare i eit arbeid som betyr så mykje for så mange

Takk