Historisk arkiv

Regulering av kolmulefisket i 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

Norske fartøy kan fiske 120.000 tonn kolmule i EU-sona, 35.000 tonn i færøysk sone og 200.000 tonn i internasjonalt farvatn, i norsk økonomisk sone og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Pressemelding

Nr.: 124/2001
Dato: 21.12.2001
Kontaktperson: Johán H. Williams 22 24 64 40 / 900 24 446

Regulering av kolmulefisket i 2002

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av kolmulefisket i 2002. Norske fartøy kan fiske 120.000 tonn kolmule i EU-sona, 35.000 tonn i færøysk sone og 200.000 tonn i internasjonalt farvatn, i norsk økonomisk sone og i fiskerisona ved Jan Mayen.

I 2001 har norske fartøy fiska i overkant av 570.000 tonn. Med dei fastsette kvotene kan norske fartøy fiske 355.000 tonn i 2002.

Kvotene gjeld for norske fartøy med kolmuletråltillatelse og nordsjøtråltillatelse, men fartøy med nordsjøtråltillatelse kan berre fiske i norsk økonomisk sone.

Den norske kvoten er ikkje fordelt mellom fartøy med kolmuletråltillatelse og fartøy med nordsjøtråltillatelse.

Fiskeridirektoratet fastset maksimalkvotar for fartøya som deltek i kolmulefisket.

Kyststatsforhandlingane om forvaltinga av kolmule fortset på nyåret, og dei endelege norske kvotane kan verte endra når utfallet av forhandlingane er kjende.

Fisket opnar 1. januar 2002.